4. Takke- og tradisjonsbakst.
Korn har lenge vore basismat for menneska. Dei første korna
blei sådde i Tyrkia i den «fruktbare halvmåne". Kornet kom først til Norge for 3-4000 år sidan. Det mest vanlege var rug, då det er rug som har
best vekstvilkår sør i Norge. I nord bytta dei tørrfisk mot korn. Idag er dei vanlegaste sortane vi
dyrker rug, kveite, bygg og havre. Det meste av kornet vi dyrkar blir
brukt til dyremat. Mjølet vi kjøper på butikken er difor mest truleg
importert frå land der dei har betre vektsvilkår. Daglegspråket vårt inneheld
mange ord og uttrykk med korn i, dette understrekar berre kor viktig kornet har
vore for menneska gjennom historia (Bjørnstad, 2005)
Krumkaker er ein variant av vaflar og blei steikte i jern på bål der mønsteret på jernet prega utsjånaden på kakene. Det var først når bakaromnen blei allemannseie på slutten av 1800-talet at begrepet "julebakst" blei vanleg og ein starta bake dei såkalla tradisjonelle julekaker. Før dette blei det generelt kalla festmat, felles var at det skulle være sju ulike slag. (Nordahl, 2010).
Lefser blei og rekna som festmat og hadde dei same ingrediensane som flatbrød men forskjellen var at dei blei mjuksteikte. Hadde ein tilgang på råmelk smurde ein gjerne eit tynt lag på lefsene så ein fekk ein slags søtsmak på, såkalla snikalefse. (Sæther, 2004). Ta gjerne ein titt innom blogginnlegget frå forskningsdagane i Volda der mi gruppe bakte flatbrød med besøkande. Der kan du få vite litt meir om kornets historie, då med hovudvekt på brødets historie.
Lefser blei og rekna som festmat og hadde dei same ingrediensane som flatbrød men forskjellen var at dei blei mjuksteikte. Hadde ein tilgang på råmelk smurde ein gjerne eit tynt lag på lefsene så ein fekk ein slags søtsmak på, såkalla snikalefse. (Sæther, 2004). Ta gjerne ein titt innom blogginnlegget frå forskningsdagane i Volda der mi gruppe bakte flatbrød med besøkande. Der kan du få vite litt meir om kornets historie, då med hovudvekt på brødets historie.
På samling nr. 4 i Volda fekk vi prøvd oss på takke- og tradisjonsbakst. Som ein del av arbeidskravet tilknytta denne samlinga skal
vi lage to produkt - ein takkebakst og ein tradisjonsbakst. Eg startar med
tradisjonsbaksten:
Besta sine krumkaker:
Det er usikkert kor besta har fått denne oppskrifta frå, men
vi har etter ho reiste heim brukt den kvart år. Ein av grunnane er at den
smakar fortreffeleg og at oppskrifta er enkel å hugse:
Ingrediensar:
![]() | |||
| Egg, mjøl, smør og sukker Bilete er teke av Aud M. Ramberg |
Framgongsmåte:
![]() |
| Veg antall egg du ønskjer med skalet på. Bilete er teke av Aud M. Ramberg |
![]() |
| Veg så opp dei andre
ingrediensane så du har tilsvarande mengde mjøl, smør og sukker. Bilete er teke av Aud M. Ramberg |
![]() |
| Pisk så egg og sukker til
eggedosis. Bilete er teke av Aud M. Ramberg |
![]() |
| Tilsett mjøl og smelta smør
vekselsvis til du har ei tjukk røre. Dekk den så til og sett kjølig medan du et middag. Bilete er teke av Aud M. Ramberg |
![]() |
| Varm så opp krumkakejernet og
gjer klart "rullepinnane" Bilete er teke av Aud M. Ramberg |
![]() |
| Bruk to spiseskjeier til å legge
ein klump deig ca midt på. Steik så til kaka er gyllen. Bilete er teke av Aud M. Ramberg |
![]() |
| Ta kaka forsiktig ut av jernet
og rull dei rundt «rullepinnane» med ein gong. La dei så avkjøle før du tek ut «rullepinnane». Bilete er teke av Aud M. Ramberg |
|
|
For å
skape variasjon kan du f.eks. bruke bunnen av eit glass eller ei lita skål for
å få krumkakeskåler.
Ein kan også bruke ein rund stokk for å få «rør». Her er det berre fantasien som set grenser.
Ein kan også bruke ein rund stokk for å få «rør». Her er det berre fantasien som set grenser.
![]() |
| Fortsett å steike til røra er
brukt opp. Bilete er teke av Aud M. Ramberg |
|
|
|
||
I vår familie har krumkakene gjennom generasjonar blitt
servert med multekrem,
men mor mi har aldri vore begeistra for steinane i moltene.
Ho har difor dei siste åra bytta multene med moste jordbær.
men mor mi har aldri vore begeistra for steinane i moltene.
Ho har difor dei siste åra bytta multene med moste jordbær.
Sofias lefser:
Sidan mi bestemor ikkje lever lenger fekk eg tips frå mor mi om å spørre søstra hennar om ho hadde liggande ei familieoppskrift på lefser. Ho hadde fleire og ville gjerne være med å bake lefser. På telefon litt seinare spurde eg kva lefser ho kunne tenke seg å lage. Då kom det raskt at ho helst skulle laga Sofias lefser med meg, men ho har ikkje fått dei til slik som Sofia. Ho hadde difor ei anna ho ville bake. Men etter å ha snakka litt om lefsebaking i familien på telefonen ei stund kjem det frå ho; "Du.. Vi prøver oss på Sofia's lefser. Det er dei beste lefsene og vi må no kunne få det til saman". Så då bar det innover til Vevring for å bake Sofia'a lefser.
![]() |
| Oppskriftsbøkene, gamle og nye, for ikkje å gløyme den morderne versjonen klare til dyst. Bilete er teke av Aud M. Ramberg |
![]() |
| Liv på telefon med broren for å oppdatere seg på historia bak oppskrifta og slekta Bilete er teke av Aud M. Ramberg |
Vi fann etterkvart fram både takke, bakstefløyer, bakebolle i keramikk, vekt, målebeger og ingrediensar. Samtalen gjekk lett og når deiga var satt, tok vi ein pause der vi åt tradisjonsrik lapskaus før vi starta utbakinga:
Du treng:
- 1 kg kveitemjøl
- 6 ts hornsalt
- 6 dl kefir
- 1 pk rømme
- 50 g margarin
- Fyll etter smak
Framgongsmåte:
|
|||||||
|
Viktig at det er Sæterrømme, for dei hadde ikkje
lettrømme før i tida..
|
![]() |
| Smelt ekte smør og ha oppi bakebollen. Bilete er teke av Aud M. Ramberg |
![]() | ||
| Mål opp kefir og rør inn
hornsaltet i denne. Bilete er teke av Aud M. Ramberg |
![]() |
| Hell så over i bollen og rør til
ei lett klissete deig. Bilete er teke av Aud M. Ramberg |
Med god hjelp frå 6. generasjon blir det også litt søl..
|
Eg har ingen bilete frå bordet der vi sat
og åt lapskaus heile gjengen. Heile 9 stk rundt eit lite bord. Samtalen gjekk
lett og stemninga var god. No skulle vi berre rydde opp før vi skulle starte å
bake ut. Det var då eg tok ordet og fortalte at eg måtte ha ei lita ubløyta
eller stiv lefse som eg kalla det. Det skulle eg aldri ha gjort..
"Å nei du.. det går ikkje! Lefsene til Sofia skal IKKJE være stive! Dei skal steikast lett på begge sider, noko som er ein kunst. Så skal dei pakkast inn i ein flanellduk, med fleeceteppe og voksduk utanpå så dei held seg mjuke. Sunnfjordelefsene skal nemleg ikkje bløytast. Dei skal være passeleg tjukke og smørast med ein gong!" - Liv Vefring
Eg blei litt paff og prøvde forklare at det var
slik høgskulen ville ha dei levert inn. Same kva eg sa kom eg ikkje gjennom.
Skulle eg no læra å lage desse lefsene skulle dei lagast på ordentleg vis. Eg
spurde koss dei då oppbevarte desse før i tida når dei ikkje hadde frysar, og
fekk passe påskreve at desse lefsene holdt seg lenge. Dei baka opp og smurde
masse før jul og dei blei ikkje dårlege. "Vi åt på dei heile veka, ja
heilt over nyttår. Og dei blei no aldri sure". Nei noko stiv lefse får du
ikkje. Eg lot det ligge ei lita stund, medan vi rydda opp og rigga til ein
bakstestasjon.
|
||
Eg prøvde meg igjen.. "Korleis gjorde
dei det med dåp og bryllup og sånt?". "Dei baka dagane før",
fekk eg til svar. "Så dei baka ikkje opp eit lager, så dei hadde til eit
heilt år?". "Nei, dei måtte bake til kvar annledning, og Sofia var
kjend for dette. Ho brukte gjerne torsdagen og fredagen før eit bryllup eller
ein dåp og baka. Så pakka ho dei fint inn og leverte til dei som skulle ha dei.
Ho gjorde seg skikkelig flid med det, og det var nok difor ho var så
populær".
Vi lagde til emne og Liv starta å kjevle ut første leiva. Ho hadde klippa sund juleduken for annledninga, til mal. Den blei snudd opp ned også strødde du mjøl på og kjevla ut leiva. Eg fortalde om silikonmatta vi bruka på høgskulen. Det kunne ho tenke seg å prøve. Så vi får sjå om nissen legg ei slik under juletreet hennar. Men malen av ein voksduk funka bra!
![]() |
| Liv viser korleis ein skal bake lefsene. Bilete er teke av Aud M. Ramberg |
![]() |
| Med ein god rettleiar går lefsebakinga som ein leik! Bilete er teke av Aud M. Ramberg |
![]() |
| Liv og mamma samanliknar sunnfjordslefse med sunnmørslefsa. Bilete er teke av Aud M. Ramberg |
![]() |
| Viktig at alle får prøve! Bilete er teke av Aud M. Ramberg |
Så var det tid for å smøre lefsene.
![]() |
| Fyllet laga vi på slump slik som er vanleg i familien vår. Ein pakke ekte smør, 1 boks rømme piskast saman med melis og kanel. Bilete er teke av Aud M. Ramberg |
![]() |
| Smør så lefsene, brett inn sidene og legg i innelefse før ein smør
meir fyll på og bretter i to. Del så i mindre bitar og server! . Bilete er teke av Aud M. Ramberg |
Vurdering:
Krumkakene: Det gamle jernet til besta tok fyr under steikinga og vi måtte difor ut å kjøpe nytt før steikinga. Ulempa med det nye jernet var at kakene blei tjukkare enn i det gamle. Dei hadde difor ein tedens til å sprekke når vi rulla dei. Dei smaka det same sjølvsagt, men blei ikkje like sprø når dei tørka, heller mjukare. Ein konsitens vi likte betre.Vi erfarte og at ein ikkje kan stole på det grønne og røde lyset på jernet. Det var tilfeldig når det lyste grønt og raudt, i starten brant vi 2-3 kaker. Vi konkluderte med at vi difor berre måtte følge med som på gamlemåten.
Sofias sunnfjordslefser: Vi fann ut før vi starta at vi skulle halvvere oppskrifta. Dette gjekk i gløymeboka under middagen for når vi skulle dele opp emner dela vi opp som om det var heil oppskrift. Vi streva for å få store nok leiver utan at dei blei for tynne. Når vi hadde baka ut halve deiga kom Liv på at vi halvverte jo oppskrifta. Den siste halvdelen blei då delt i passelege emner og vi fekk både rett størrelse og tjukkelse.
Det var utfordrande å steike dei "mjuke" som dei seie her oppe. Liv seier at ho eigentleg aldri fekk opplæring på korleis dei skulle steikast perfekte, men i januar skal ho på kurs med husflidlaget. Vi fekk difor treffast ein gong til etter det.
Til tross for litt tynne og til dels for stivt stekte lefser smaka dei utruleg godt! Eg har aldri vore spesielt glad i lefser. Synest dei fort blir for søte. Men denne oppskrifta var utrulig saftig og god. Eg trur det har med rømma og kefiren å gjere og det at det ikkje er sukker, men melis vi bruka i fyllet. Då slepp ein dei knasande sukkerkorna mellom tenna.
Kjelder:
- Bjørnstad, Å. (2006) Korn – frå steinalder til genalder. OSLO, Tun forlag.
- Nordahl , M. (2010, 23. desember) Julekakenes historie. Henta frå: https://forskning.no/mat-jul-historie/julekakenes-historie/805406
- Sæther, P. (2004). "For alt ferskt nærer bonden stor angst" - om mat og kosthold på Sunnmøre. Årbok for Sunnmøre. Ålesund: Sunnmøre historielag
- Personlege kjelder: Liv Vefring og Signe Marie Landøy, Oddfred Tonheim.



























Kommentarer
Legg inn en kommentar