4. Takke- og tradisjonsbakst.
Korn har lenge vore basismat for menneska. Dei første korna blei sådde i Tyrkia i den «fruktbare halvmåne". Kornet kom først til Norge for 3-4000 år sidan. Det mest vanlege var rug, då det er rug som har best vekstvilkår sør i Norge. I nord bytta dei tørrfisk mot korn. Idag er dei vanlegaste sortane vi dyrker rug, kveite, bygg og havre. Det meste av kornet vi dyrkar blir brukt til dyremat. Mjølet vi kjøper på butikken er difor mest truleg importert frå land der dei har betre vektsvilkår. Daglegspråket vårt inneheld mange ord og uttrykk med korn i, dette understrekar berre kor viktig kornet har vore for menneska gjennom historia (Bjørnstad, 2005) Krumkaker er ein variant av vaflar og blei steikte i jern på bål der mønsteret på jernet prega utsjånaden på kakene. Det var først når bakaromnen blei allemannseie på slutten av 1800-talet at begrepet "julebakst" blei vanleg og ein starta bake dei såkalla tradisjonelle julekaker. Før dette blei det generelt kalla fe...